Anne Kristin og Arnstein Røyneberg

– Roboten er mykje kjappare til å sette på kua, og meir solid, seier Anne Kristin og Arnstein Røyneberg.

DSC_9352_røyneberg nærbilde.jpg

Eitt år med VMS™ V300

Ekteparet driv med mjølkeproduksjon i Sola kommune i Rogaland, og var dei første til å sette inn mjølkeerobot av typen VMS™ V300 i Noreg. Dei legg ikkje skjul på at dei var spente på korleis den splitter nye maskinen skulle fungere.

– Det har gått overraskande bra, og ikkje minst er me veldig nøgde med servicen til DeLaval. Dei stiller alltid opp dersom det er noko, og gir ikkje opp før feilen er retta opp, seier Anne Kristin.

Ettersom VMS™ V300 er den første av sitt slag i Noreg, har serviceteknikarane frå DeLaval hatt fleire opplæringskurs på garden til Røyneberg.

Roboten gir fridom

I 2008 kom den første mjølkeroboten, ein VMS™ Classic, til gards. Då stod lausdriftsfjøsen klar, og livet for bøndene blei friare. Ekteparet driv samdrift saman med Bent Ove og Anne Kristin Myklebust. Mjølkekvoten er på 750 tonn.

– Me kunne aldri gått tilbake til å drive utan robot. Det er veldig familievennleg å ha mjølkerobot og ein viktig reiskap i kvardagen, konstaterer ekteparet.

Etter at robot blei ein del av drifta for 11 år sidan er det ikkje mjølkinga som styrer kvardagen. Dei kan leve eit tilnærma normalt familieliv, med selskap og alt som høyrer til.

– Det er fôring av kalvane som styrer oss no, men det kan me planlegge litt meir, seier Anne Kristin.

Roleg i fjøset

Det er roleg i fjøset, og dyra vandrar mellom dei to robotane, fôrbrettet og liggebåsane.

– Me er stolte av produksjonen, og tek det som eit teikn på at dyra har det godt når det er så roleg i fjøset, seier Arnstein.

VMS™ Classic og VMS™ V300 syt for at kapasiteten i fjøset er svært god. Då er det ikkje krise om det skjer noko med ein av robotane for ein kort periode.

–  Med berre ein robot var me avhengige av å få retta eventuelle feil svært raskt, elles stod dyra i kø og me brukte lang tid på å ta igjen etterslepet, fortel Arnstein.

Betre og meir solid

Alle røktarane favoriserer den nye roboten av typen VMS™ V300 framfor forgjengaren VMS™ Classic.

– Maskinen er kjappare å sette på dyra, noko som gjer at dyra ikkje får tid til å bli utolmodige i roboten, seier Anne Kristin.

Ho begynte å arbeide fulltid på garden for to år sidan. Arnstein hadde for stor arbeidsmengd med 70 reisedøgn i året for Bondelaget på toppen av gardsdrifta. Anne Kristin la jobben som sosialarbeidar til side til fordel for gardsdrifta, og har ikkje angra på det.

Det er Anne Kristin og far til Arnstein, Eivind Røyneberg, som arbeider mest med dyra. Eivind er 72 år, og aktivt med i drifta så mykje han ynskjer sjølv. Han er også svært nøgd med den nye VMS™ V300, og har ingen problem med å handtere den nye teknologien. Det er robotarmen og måten maskinen sett på kua han liker best med VMS™ V300. Han kunne tenke seg ein tilsvarande robotarm på den gamle mjølkeroboten også.

Når kvigene skal lærast opp i roboten blir dei alltid lært opp i den nye VMS™ V300. Det handlar om at maskinen er kjapp til å sette på kua, og bøndene ser at den fungerer betre for dei ferske mjølkande. Med VMS™ V300 slepp dei også å lære opp kvigene manuelt.

 

Teknikk og tempo

– Me var litt skeptiske til den nye teknikken i byrjinga, men det går veldig fint no. Me er jo vanedyr, seier Arnstein.

Knappesystemet er annleis på den nye roboten, og det er ikkje peikeskjerm som på den gamle. Nødstoppen er også annleis. Alle endringane har fungert greitt. Arnstein kan bruke ein app på telefonen til å styre mange av funksjonane i roboten. Det er svært nyttig dersom familien ikkje er heime.

– Roboten er meir solid enn den me hadde frå før. Maskinen er betre oppbygd, og spenemagasinet verkar veldig solid, seier Arnstein.

VMS™ V300 mjølker 30-40 sekund kjappare enn forgjengaren, og arbeider meir sjølvstendig.

– Maskinen klarer å gjere jobben sin på ein betre måte. I førre månad hadde me berre ei ufullstendig mjølking, og då var det berre ein spene maskina ikkje hadde fått sett på. Det er veldig god statistikk, slår Arnstein fast.

Kvardagane sklir fint hos bøndene på Sola. Etter eitt år med VMS™ V300 med på laget, kunne dei ikkje tenke seg noko anna. Bøndene held likevel fast på ein ting – den viktigaste faktoren for ei vellukka drift er bonden.

 

 

Uttalelser fra melkeprodusenter gjenspeiler deres egne erfaringer med å bruke DeLaval-produkter. Resultatene i uttalelser har ikke blitt bekreftet uavhengig, og DeLaval hevder ikke at resultatene er typiske. Faktisk ytelse og forbedring vil avhenge av en rekke faktorer, inkludert tidligere melkingspraksis, rase kyr, gårds- og vedlikeholdspraksis for besetningen. Uttalelser utgjør ikke garantier eller garantier for service eller ytelse.

Vil du holde deg oppdatert på hva som skjer hos oss?

Meld deg på vårt nyhetsbrev å få informasjon om produkter, kampanjer og arrangementer.

Jeg samtykker til at DeLaval Norge kan sende meg nyhetsbrev og annen markedsføring via e-post og bruke mine personopplysninger til dette formålet.

Du kan når som helst avslutte abonnementet ditt ved å klikke på "Avslutte nyhetsbrev" nederst i nyhetsbrevet, eller kontakte oss på norge.info@delaval.com. Les mer om hvordan vi behandler ditt personvern.